Amalie Fure

Amalie Fure

Eg blei født 11. mai 2004 på Lillehammer. Her budde eg store delar av barndommen min før eg i 2017 fekk oppfylt draumen min om å flytte til Selje - til hav, fjell og meir familie.

Som lita var eg aktiv og utadvendt, men i mange situasjonar sjenert og usikker. Spesielt framføring foran andre. Eg sa ikkje eit ord, men kunne fortelle alt mulig om publikumet. Ny lærar på ny skule klarte å løyse det, og kan takke han mykje for der eg er no.

Ein anna lærar eg vil takke var norsklæraren min. Ho var veldig glad i norsk og inspirerte meg til lesing og skriving. I mai 2016 var eg med og intervjua Vera Micaelsen på eit bokbad om “Discosatan”. Spesielt etter det kjente eg på eit engasjement som har vokst med åra.

Vinteren 2017 var eg så heldig å få intervjue Marcus og Martinus for Aftenposten Junior. I 2020 blei mitt første innlegg publisert på Aftenposten Meninger. Det handla om kjønnsrollene vi veks opp i. Ballen begynte å rulle, og no har eg hatt fleire innlegg i nasjonale og lokale nettaviser.

Påska 2018 brakk eg foten. Til tross for skada fot store delar av året vart eg Årets FairPlay-spelar på J13/14, for at eg alltid var på trening og kamp, og var ein del av laget. Det viser seg at eit lag består av fleire enn dei som er på bana.

I 9.klasse fekk eg den store æra å bli MOT-elev, der ein skal vere gode forbilder for yngre elevar. Som elevmentor for VG1-elever og medlem i Stad Undgomsråd håpar eg å fortsatt vere eit forbilde ogvein positiv påverknad i lokalsamfunnet.

Eg har vore konferansier på UKM fleire gongar, første gang i 2019. Kjekt å kunne stå på ei scene med det eg likar best - å prate - og uten å måtte danse eller synge.

Då eg var yngre skreiv eg eit brev til Statsminister Erna i eit forsøk på å løyse nokre verdensproblem. Dette fekk eg svar på og eg huskar godt kor stolt eg blei av at engasjementet mitt blei sett.

I mai 2020 kom eg inn i Nordfjord BUP, og i 2021 fekk eg diagnosen asperger syndrom. Etter mange år med spørsmål og utfordingar fekk eg svar på mykje.

Eit av innlegga mine som kom hausten 2021 handlar om mediebransjen. Bodskapen her er at vi treng for eksempel nye og unge journalister som på sin måte set spor i samfunnet. Etikk, verdiar, haldningar og forståing bør vere sentralt for å vere gode forbilder for morgondagens samfunn og morgondagens helter.Seinare denne hausten fekk eg tilbodet om å prøve meg som journalist i den lokale avisa i Nordfjord, Fjordenes Tidende. Veldig takknemlig og ei ærefull oppgåve som har gitt med mykje tru på meg sjølv.

Mot slutten av 2021 vart eg tildelt Ungdommens kulturpris i Stad kommune, for å vere ei uredd og engasjerande stemme for unge som tar opp tabubelagte tema.

Overgangen til VGS i 2020 var stor. Eg har hatt ein del tankar, bekymringar, stress og forventningar som har gjort at skulen går veldig i berg-og-dalbane. Det er spennande, lærerikt og utfordrande - på godt og vondt.

Mangfold har alltid vore viktig for meg. Eg har følt meg annleis og ikkje funne min plass i massen. For å kunne vere meg sjølv, har eg gått min eigen veg. Vi treng eit samfunn med plass til alle.

Kvifor eg driv med skriving er det ikkje so lett å svare på. Å skrive og å engasjere meg syns eg er veldig interessant. Og når engasjementet mitt blir sett so får eg ein spesiell følelse, og eg følar at eg kan få til meir enn eg sjøv trur. Vi har alle fått ei stemme på eine eller andre måten, og eg vil bruke min so godt eg kan.

Aftenposten Meninger

https://www.aftenposten.no/meninger/sid/i/JJvyx7/foedd-i-feil-avdeling

Galleri

Video